Do you remember....




jorda rundt med rakett i ræva!

magnetic island. I skogen er det ville koalaer.
Men du kan ikkje ta i dei. Kitt prøvde. Trudde aldri vi sku få sjå en SINT koala!

Etter at kitt tok på den ville den ikkje se i kamera meir.......
Eit nytt kapittel skal bli skreve. (Kanskje en smule dramatisk). fab tour er over, for lenge sidan. I praksis. Det er rart å tenke på at det er eit heilt år sidan vi var i Laos, og såvidt hadde starta den fantastiske reisa, som opptok omtrent halve fjoråret. Eg vil framleis påstå at Ingrid og Kitt er dei som kjenner meg aller best av mine venner etter turen. Når det kjem på sangar som var poppis på denne tida i fjor utbryt vi alltid i "ÅÅÅÅÅ, DER ER DEN SANGEN! DEN MINNER OM......LOS ANGELES!!.......MEXICO!!!........CAIRNS!!!!!!" og folk er dritt lei oss for lenge sidan. Det blir en intern greie ingen andre nokon gong kjem til å forstå.
Grunnen til at eg plutselig gjør eit spontant reiseblogg comeback, er selvfølgelig fordi det er ein ny tur planlagt! Det var ikkje planlagt å fortsetje med det, men eg tenkte kvifor ikkje? Ikkje hold pusten, det er ingen ny jordarundt i nesten eit halvt år planlagt, men en kort øyhopping. Istadenfor bare eit album på facebook med reisebilder, er det kjekt å lese tilbake på oppdateringar underveis, aller mest for min egen del, men også til glede for andre. *host* for mor og far då, som kanskje er dei einaste som bryr seg.
28april tar eg og partysvensken ellen propellen av frå Bergen og blir borte i to uker. Vi flyr via oslo og frankfurt til athen, og tar fergen til Ios. Med mindre vi blir stuck der (gode sjansa for det alså....) har vi også planar om ei natt i santorini, også for vi sjå kor masse anna vi rekke. Ingenting anna enn flybiletta er booka, vi tar alt på sparket på backpackervis, så her kan alt skje :) Klare for sol og brunfarge. Ikkje minst tzatziki, gresk salat, fetaost og oliven! nam!! På veien heim har vi også en overnatting i frankfurt. Kan ende i å bare låse inn bagasjen og komme seg til nermaste pub..... Gleda meg til å pakke ryggsekken, og tar selvfølgelig imot råd og advarsla frå andre som har vore på øyhopping:)

Partysvensken og norsken på sitt beste! (evt fullaste....)
Det kjem til å bli en travel tur! Eller hur? Gledar meg til å reise med Ellen:)
Bueno onda. Puerto Escondido. I'm just gonna call this what it is. The moast beautiful place on earth. I so badly wanna go back....
This is a video from the exact place we stayed, and the owners are fantastic! Tell them I said hello if you ever go there! I'm sure they remember the three blondes from Norway.
And that was one hell of a night! 30.01-2010. Koh phangan Thailand.


Onsdag 13 januar. Agra til Jaipur med buss.
Turen eg skal fortelle om no, er kanskje ein av dei verste i mitt liv. Ivertfall topp tre! Får heilt grøssningar av å tenke på det lzzm. Og lite ante vi. Dagen starta heilt normalt. Var ganske treg med å våkne ettersom det hadde blitt litt seint kvelden før, og vi var alle tre enige om at vi hadde blitt litt småbrisne av bare to store tuborg kvar. circa. Våkna først av at eg hørte at det regna utanfor. "Faen" tenkte eg, ikkje bare sku det vere kaldt, men regne og?? Eg gikk tilbake til søvn, og hadde en langt meir behagelig oppvåkning rundt ein time seinare. Då våkna eg nemeleg av at kathrine kom springande naken fra dusjen til senga si med ein indisk håndkleturban på hodet. Dermed var vi oppe!
Etter frokost ( som bestod av noko som var så sterkt at eg bare såvidt klarte puste i to timar etterpå!!) heisa vi dei hundrekgtunge sekkane våre på ryggen og kom oss med tuktuk til bussen. NEI VENT!! På denne tida var ikkje sekkane våre så altfor tunge, dei var bare rundt 10 kg! Haha, tider!! Tenk så lite vi hadde med oss heimefra! Bobby sin var foresten tung, det huska eg han klaga over på vei inn i tuktuken. Utanfor bussen beslutta vi å kjøpe godteri. Vi var jo på ferie! ehem. . . Det er foresten innstillinga som gjorde at vi gikk opp i gjennomsnitt. . . Nei, eg vil ikkje snakke om det! Men den bussturen alså! Som første mann av oss tre valgte eg meg ut eit dobbeltsete! Sykesøster Linn (høhø) spurte veldig fint om å få sitte på siden av meg, og siden eg digga ho sa eg ja. Dei to andre hønene mine satt på setet foran. Sann viss du lurte. Det var kaldt ute, og vi hadde gleda oss til å komme inn i ein varm buss. Trudde vi. Vindua var ikkje heilt tette, så det trakk iskald ISKALD vind på oss. Dei første timane var horrible. Vi prøvde alt! Sitte som ein ball, prøve å ignorere det, eg og Ingrid la oss til og med ned i baksete og fann ein sånn stilling der vi hadde tottane inni kvehasane på kvarandre og ellers delte det bittebitteBITTElille vi hadde av kroppsvarme. Drakk litt varm chaitea (ore something) i pausen og kom oss omsider litt lengre sør mot jaipur. "sjær dokker at dæm har litt minner klean på sæ her sjø?" sa en av trønderjentene, og vill jubel oppsto! Vi fraus ikkje så masse lengre, og vi turte håpe på kortebuksetilstandar. 
Vi flytta inn på Jaipur Inn, gikk opp på taket og fekk info om kva dagen ville bringe med seg. Lunch (indisk dosa) og "rattattatatattaaaaa" Bollywood hindufilm!! Vi reiste til ein resturant som ifølge NP var bra, (skal ikkje klage liksom!!) og spiste fantastisk god dosa, som er ein indisk spesialitet. (No høyrdes eg ut som ein sånn turist eg synes man skal vere lzzm) Dosa med tomat, og dosa med kokkosnøtt X2 (eg hadde med tomat) sto på menyen til FAB denne gongen. Dosa er vel en slags pannekake....greie. Bestill det om du er i India! 
Bobby & NP
Neste greie vi sku til med, var KINO!! Vi sku sjå three idiots, som er Bollywoods hittil største satsing. Indiske karar på college lzzm, MÅÅÅ jo bare bli bra! Den var ikkje teksta då... Og vi kan ikkje så masse indisk. Men sangane og dansinga var veldig bra! Veeeeldig Indisk. Og heile opplevelsen med kino i India var gøy! Folk klappa, plystra sang og dansa med. (littoverdrevent det siste, men ifølge NP så kan det skje) Halvveis uti den tretimerslange filmen valgte eg å mase med meg tuppene ut. Eg trengte nemeleg nye sko! Og sko blei det! 2000 noko rupis for fantastiske rebooks (made in India), og det er bare bittelitt over 200 norske kroner. Eit kupp rett og slett!! 
Kvelden er her. Vi spiste kvelds på hotellet, og fornøgd og blid med dagen og nye sko, tenkte eg bare eg sku vaske håret og dusje. Etter å ha hoppa rett under dusjhodet og DERETTER skrudd på dusjen fikk eg tidenes kuldesjokk. Det fantes jo ikkje varmtvann! OHMYGAAAAAD. " KATHRIIIIINEEEEE??? KORLEIS FUNKA VARMTVATNEEEEEE???" "ehm, jeg vet ikke!! er det ikke noe varmt vann i det HEEEELEEE tatt?" Nei din jæææævla bergenser, det er jo derfor eg spør så dumt. Det blei ein kald fornøyelse ettersom eg nekta å gå rundt med fett hår heilt til vi sku til puskar. Det verste var FAKTISK at den lille spirrevippen eg sov på rom med, etter ein diskusjon med Ingrid og hennar vimsete nederlandske roommate fann ut kossen varmtvatnet funka. Akkurat då kunne eg vridd hodet av dei alle tre. Kunne dei ikkje ha funne ut av det litt før liksom?? Egentlig var eg bare kald, sur og lite fornøgd med heile opplevelsen og lot det gå litt utover mine kjære reisekameratar, som egentlig bare hadde vore til supernytte ettersom eg kunne ta ein varm dusj morgonen etterpå. Love you huuuns! Meg og Kathrine blei i fellesskap enige om å ha ein liten praktisk varmeovn som var plassert på rommet vårt, på om natta. Så sa vi godnatt og sov godt. Og det var første dag i Jaipur viss du fortsatt er usikker!!







22, Førde
Tre høns på veg jorda rundt! Take off 10 januar, og då går turen til India. Her skal vi vere med på ein tur arrangert av GAP adventures som går frå Hovudstaden Delhi i nord, gjennom heile india, til Goa i sør. Etter to veke med mykje farting i India blir neste destinasjon Thailand. Vi landar i Bangkok 26 januar, og har tid heilt tilbegynnelsen av mars. Medan vi er i thailand har vi plana om å besøke øyene Koh samui og Koh panhang i sør, men også kanskje besøke litt mindre turistifiserte plassar i nord. Kanskje blir det også ein liten visitt i cambodia! Når vi er ferdig i thailand, går vi seks veker i Australia i møte. Vi landar i Perth der vi skal bu ei vekes tid hos familie av meg, og vi lettar at i frå Sydney. Vi har ikkje heilt bestemt kvar vi skal reise igjennom, så om det blir tog, bil eller fly må man vente og sjå. Midt i April reiser vi ivertfall til New Zealand der vi skal henge rundt i 2 veker. Først christchurch på sørøya, så auckland på nordøya. Etter New Zealand snakkar vi ei veke i Los Angeles, og der har vi allereie bestilt stad å bu på eit hostel i Santa Monica. Så for vi heller ta nokre dagsturar til Hollywood. Etter Litt sivilkisert strandliv i California går flyet vårt til Mexico city. Der har vi to veker før vi feirer 17mai i flyet på vei til Cuba. Eg har spart og gleda meg til denne turen i 8mnd, så det børr bli verdt det! Det at eg skal reise med dei elskverdige hønene Ingrid og Kitt øka oddsa med fleire hundre prosent <3